Kva skjer?

Hugljufur er ein aktiv klubb, med aktivitetar for heile familien. Heile året inneheld turar, dugnadar og kurs som skal vere med å hjelpe medlemmene komme vidare som ryttar. Nærmare informasjon om når desse hendingane er, vert sendt ut til medlem i god tid før aktiviteten.

Februar:
Salmakar kurs, årsmøte og ridekurs med instruktør, ein dag

Mars:
Årsmøte i Norsk Islandshest Foreining og ridekurs med instruktør, ein dag

April:
Ridekurs med instruktør, ein dag

Mai:
Avlutstilling i Seljord og ridekurs med instruktør, ein dag

Juni:
Bygdedagen – dugnads aktivitetar, ridetur frå Hauggrend til Åmdalsverk og Rallardagen med dugnads aktivitetar

Juni – September:
Rideturar

August:
Dugnad på Treungenfestivalen og ridekurs for born og unge

September:
Rideturar med overnatting (eventuelt Gausvatn), med born, hestesanking frå Kleivgrend og idrettsskulen

Oktober:
Samling/ kurs/ klubbstemne med grilling

Nov. – Desember:
Jolebord eller ana hyggeleg samvær